I medio august 2007 opnaTunvoll trimstove på Lofthus i Hardanger. Dette var det fyrste treningsenteret i gamle Ullensvang Herad!

Senteret er no restarta hausten 2021, i ny innpakning og med nytt innhald. Me er difor særs stolte av å kunne presentera Nye Tunvoll Trimstove.

Lokale ligg midt i Lofthus sentrum, i det som vert kalla Tunvollbygget.

Med dei lokala som er tilgjengelege er treningsenteret utan dusjar og store garderobeanlegg, men området for å sette frå seg sko og jakke er no utvida.

Fokuset på det beste utstyret/apparatene skal vere der som før og eg har også sett det som mål å skape ei trimstove med fokus på trivsel, og det sosiale kring det å trene med andre. Det siste nye på apparat/utstyrsfronten er ei Concept-2 stakemaskin, Technogym tredemølle med Touchskjerm/internett for å fylla på kondisjonsavdelinga. I tillegg er det kome inn ein såkalla plyoboks og mageapparat av Technogym

Adgangsystemet er nytt frå Gantner og dette skal du kunne bruke eit koda kort som adkomst til senteret via lesaren på utsida. Den mobile løysinga er ikkje «oppe å går» enno, men det kjem…uvisst når enno.

Lokalet er målt i nye friske fargar og resepsjonen samt garderoben er bygd om, i tillegg flytta om ein del på apparata for å opne opp og gjere det ryddigare.

Innmelding trykk her:

https://booking.xakt.no/?org=990113181