Velkommen til Tunvoll Trimstove!

I medio august 2007 opnar Tunvoll trimstove på Lofthus i Hardanger. Dette vert det fyrste treningsenteret i Ullensvang Herad! Ideane til eit treningsenter på Lofthus har eksistrert lenge, men til no har det vist seg vanskeleg å få ideane realisert, grunna viktige faktorar som økonomi og eldsjeler. Samstundes har det ikkje vore enkelt å få tak i gode lokaler, som egnar seg til slik drift. Me er difor særs stolte av å kunne presentera Tunvoll Trimstove.

Gutane bak Ekspedisjonen har satsa friskt dei to siste åra, og dei sit no med velegna lokale midt i Lofthus sentrum, i etasjen over Ekspedisjonen Skjenkestove. Med lokala i orden, var det viktig å få på plass den faglege kompetansen det må til, for å drive eit treningssenter med høg kvalitet. Difor passa det særs godt at fysioterapeut Arne A. Lutro sjølv hadde eit sterkt ynskje, og eigne tankar, om å starta eit treningssenter i distriktet. Arne har erfaring retta mot trening og den faglege kompetanse kring det å bygge opp kroppen ut i frå ambisjonane kvart einskild individ har.

Fordelen med samansettinga me 5 kameratar representerar, er at me er eit team som alle har ulik kompetanse og styrke, og saman kan me dra i same retning mot eit felles mål. Det å byggje opp og skape ny, positiv aktivitet i Lofthusbygda, midt mellom Sekse/Hovland- krinsen og Kinsarvik, var viktig for oss. Me vil aktivt vera til hjelp med å halde på dei som har flytta heim. Kanskje kan me også motivera andre til å flytte heim!

Med dei lokala og areala som var tilgjengelege, kom me fram til at treningsenteret vert utan dusjar og store garderobeanlegg no i fyrste omgang. Konklusjonen vart at me heller ville fokusera på det beste utstyret/apparatene som er på markedet i dag. Me har også sett oss som mål å skape ei trimstove med fokus på trivsel, og det sosiale kring det å trene med andre. Naturlegvis vert det omkledningsrom. Apparatene vert levert av Komplett Fitness frå Drammen og produsert i Italia og USA.

På Tunvoll Trimstove kan me tilby sykling med høgintensitet, kalla Spinning i sal, styrketrening med ulike apparater, samt frivekter og kondisjonsapparater som dekkjer det heile kroppen treng av stimulering