I medio august 2007 opnaTunvoll trimstove på Lofthus i Hardanger. Dette var det fyrste treningsenteret i gamle Ullensvang Herad!

Senteret er no klar for ein restart, i ny innpakning og etter kvart med nytt innhald. Me er difor særs stolte av å kunne presentera Nye Tunvoll Trimstove.

Lokale ligg midt i Lofthus sentrum, i det som vert kalla Tunvollbygget.

Med dei lokala som er tilgjengelege er treningsenteret utan dusjar og store garderobeanlegg, men området for å sette frå seg sko og jakke er no utvida.

Fokuset på det beste utstyret/apparatene skal vere der som før og eg har også sett det som mål å skape ei trimstove med fokus på trivsel, og det sosiale kring det å trene med andre.

Medio oktober kjem det ei ny «mølle» frå True Fitness og eit Concept2 stakemaskin for å fylla på kondisjonsavdelinga.

Adgangsystemet er nytt frå Gantner og dette skal du kunne bruke eit koda kort og mobil som adkomst til senteret via lesaren på utsida. Den mobile løysinga er ikkje «oppe å går» enno, men det kjem kring nyttår 2021.

Lokalet er målt i nye friske fargar og resepsjonen samt garderoben er bygd om, i tillegg flytta om ein del på apparata for å opne opp og gjere det ryddigare.

Innmelding trykk her:

https://booking.xakt.no/?org=990113181